I den samanheng er det satt ned ein tverrfagleg komité som har utarbeidd forskjellige alternativ til tekst på den nye vesten. Kom gjerne med innspel, evt nye forslag.
- "Gyda og Sindre" - enkelt og greit. Basert på ein tidlegare mal etter Tucavesten. Personopplysningar står i fokus, utan at ein bryt med datalagringsdirektivet av den grunn.
- "Team Gyda-P" - ungdommelig og hipt. Samstundes er det noko klamt i dette uttrykket - omtrent som ein lærer som ønskjer å kommunisere med dei unge. I dette ligg eit humoraspekt, utover flørten/samspelet mellom 90-talets "team" og det gamalmodige "Gyda" etterfulgt av ein hiphop-aktig "P". Her er det mykje dobbel bunn.
- "The Bitch and the Beast" - teatralsk og dramatisk. Basert på filmtittelen "The beauty and the beast". Sjokkerer med bruk av ordet "bitch" - og får publikum til å undre seg over kven som eigentleg er "the beast". Tankevekkande og provoserande. Radikal i form og farge.
- "The Beauty and the Bitch" - fjortis og lausaktig. Publikum vil anta at hunden er "the beauty" - og etterlet dermed Sindre som "the bitch". Noget vulgær i undertonen. Problematisk på slektsstevne.
- "It doesn´t matter if you´re black or white" - sosialistisk og historisk. Tuca var lys, og Gyda er svart. Samstundes appelerande ovanfor menneskjer frå den 3dje verda, så sant dei forstår engelsk. Intern og ekstern. Global og lokal. Eit tydeleg bodskap og ei personleg historie. Vi snakkar to lag med ost i denne sandwichen.
- "Lauk og lefse" - Tilfeldig sitat henta frå tilfeldig sang på radioen. Meiningslaus i form og uttrykk. I dette ligg eit ungdomsopprør og ein appell til anarkisten i oss alle.
STEM!

No comments:
Post a Comment