Først må oss gratulere han bror Pekka som vart BIS 3 kvalp av 105 kvalpa.. Du e en ekte guttebabe! :D
Mor Ida fekk bl.a. 1 BTK Cert og vart nr. 3 i ak med ck. Kan nokken værsosnill å forklare mej ka det betyr? hahah.. Utstillingsspråk e omtrent som fjortis-chattespråk. Berre en tanke: ka om mirc og utstilling hadde bytta språk? På mirc kan BIR bety "Bæsj I Rompa", altso at ej må på do en tur. På utstilling får du LOL dersom du e ei "Likandes Odelstaus Likevel". Berre en tanke som slo mej..
Gyda-Petra sine store bragder gjeng meir på stjeling av brødskive. Ej sat i sofan og åt kveldsmat en dag. Gyda-Pus låg ved sida av mej som alltid.. Ej måtte hente meir melk, og gjekk frå fatet mitt i god tru. Når ej kom tilbake, låg ho Petra-pus like avslappa i sofaen, men skiva va vekke.. du heise me køl.
Men ho he blitt veldig flink til en bestemt ting. Han Sindre he trent veldig lite på ting som piruett og sitt, og veldig mykje på kontakt og innkalling. Det he ført til at ho Gyda-Petra no kalla inn sej sjøl omtrent hundre gånga kvar einaste tur. Ho spring 10 meter, snur sej og venta på at ej skal rope på ho. So spring ho 10 meter, snur sej, og venta på... osv osv.. So det e veldig greit å ha ho laus på tur. Det e omtrent som å ha hunden i band, berre at ho ikkje e i band.. :D
I går møtte oss en diger Briard på tur. Den kom plutselig over en haug i rasande fart, og i løpet av et sekund va det full pine. Ej prøva å lære ho Pia at ho ikkje skal sneie borti folk når ho spring, og ropa "au" når ho kjem borti mej (sjøl om det berre e svakt..). Det hadde ikkje dinna hunden lært sej, og kom mot mej i hundre og h***** - og svinga rett før den traff mej. Ej følte mej ikkje heilt trygg for å sei det slik. Men alle bein og ledd set framleis der dei skal sete, so oss fær vel sei oss fornøgd. Ellers va det en herla tur, med vind, ullhue, lyng og hagl. Og te helga bli det bading og soling og bryggedans i (h)ondebrokja i solnedgangen. Ej gler mej.
Thursday, May 28, 2009
Subscribe to:
Post Comments (Atom)

No comments:
Post a Comment