Tuesday, May 19, 2009

Flintern

Natt til 16. mai søv ho Pia i telt for andre gång i sitt liv. Og morgonfrisk som ho e, so bestemte ho sej for at det va på tide å stå opp klokka 06.20. Ho trava rundt og rundt inne i teltet heilt til ej ga etter.. (då hadde ho allereie vøre ute på do..). Oss fekk oss no i alle fall en fin morgontur, der han Sindre bl.a. glei på nokke grøn gøgge nedi fjøra og vart grøn og våt i rompa.

2-3 tima seinere kom sola også fram, og badelivet frista for enkelte. Oss leita fram dummyen som oss he kjøpt, og leika oss litt nedi fjøra. Gyda-Pus va heilt i hundre! Ej starta med å kaste dummyen nokre gånga nedi vasskanten, og kasta den lenger og lenger ut. Til slutt bestemte vi oss for å sjå om ho ville svømme. Ho nølte litt første gång, men la på svøm. Andre gång fauk ho som en rakett på sjønå og svømte og henta dummyen! FLINK VOFF! Ho he forøvrig en veldig baktung svømmestil med haudet høgt heva og frambein som plaska veldig mykje.. hehe..

På 17. mai va det duka for tog og hurra. Ej va litt skeptisk på å ta me ho Pia i toget. Ej frykta det verste - ei enorm bjeffebyge og biting i bunada.. hehe.. det hadde vøre flaut. Men ho Pia viste sej frå si beste side. Ej he sjelden opplevd ho Pia so rolig før. Ho gjekk berre å loffa og kosa sej. La sej ned i graset og tok pause slik at små bunadskledde barn kunne klappe voffen. So det vart rett nasjonalromantisk heile greia... :D

Kvelden vart avslutta med å stjele et stort stykke nygrilla flintsteik. Hurra!

No comments: