Eit ramnepar driv langs fjellveggen, og me høyrer at dei skrik ut or bringa. "Ploong", seier ramna. Eg, eg berre gallopperar paa gjengrodde stier på Drønen ein kveld her i vår.
Ein skarv er lur i dønningsbris. Er det luft det eg ser, der mellom dei og sjøen - skal tru? (Kven er denne skarven, i grunnen?)
Det skymast i li, og me ser ein stor stein. Eg tenkjer på å jogge rundt steinen og bjeffe litt. Eg gjer det, men eg bjeffar ikkje.
Me tuslar heim og søv på ein fell. Ramna ho hiv seg utor bergjet det grå og skit på kvitskumma sjø.
---------------------
Sindre og Pia var ute på luftetur då me møtte ein liten gutepjokk frå Irak. Bornet stogga og stod musestille. Pia stogga og, og musestille ho stod. Guten hadde store auge og open munn. Dei såg på kvarandre, lengje, heilt til irakar-guten sa:
- Hunden ikke fali.
Thursday, March 12, 2009
Subscribe to:
Post Comments (Atom)

No comments:
Post a Comment