Piskadausen, det vårast i li. Laurdag var me ute i seks timar og dansa i gamale skog. Der såg me til dømes ein flaggspett som hakka seg veg gjønå skogen. Ven og vakker var den, og Piapusen sat som eit skulelys og fulgte med denne underlege skapningen borti fura der. Jajamen.
Ellers vart det knaska årgangs-rådyrskalle - for anledninga grønfarga av tidas tann og markja na bestemor.
Me fulgte gamle hjortestiar gjønå tette granskogen, me oppdaga ein kjøtmeisfamilie i festleg lag, me supa kaffi og vurderte å vandre på bratte stup - men valgte å stå over for denne gång - og valgte i staden å leggje ein slagplan for korleis det skal bli å flytte ut i skogen, inn i ei mosegrodd ur; for der å bli mosegrodd sjølve.
Takk for oss, det var alt me hadde.
Monday, March 9, 2009
Subscribe to:
Post Comments (Atom)

2 comments:
Aha! Derfor du har anlagt skjegg da? For å se mosegrodd ut?
Ja det va no det som va planen. Trur ej må farge skjegget mitt grønt og brunt, so bjønd det å ligne på nokke.. :D
Post a Comment