For den som lure på korleis det gjekk med veterinæren, her kjem et kort resyme:
Røntgenbilda viste at der va forkalkninga i albuen som venta, ved sena som kjem ned frå skuldra. Forkalkninga føre til at ho fær senebetennelse med jamne mellomrom, og blir låk. Vi fekk derfor resept på nokken pillera som skal brukast ved halting/behov. Det e også superlurt å fortsette å ise ned, og vi vart også anbefalt ei "Back on track"-strømpe som skal vere med på å øke sirkulasjonen i området (den he vi no bestilt).
Dei syns ho va overraskande frisk og fin i forhold til situasjonen i albuen, nokke som sannsynligvis e et resultat av nedisinga og veldig god muskulatur. Dei hadde forventa at ho va meir "skeivfordelt" i musklane pga smertene, men ho va like sterk på begge side både framme og bak:) Derfor va det veldig viktig at ho ikkje fær lengre kvileperioda, for dersom ho tape mykje muskelmasse så blir ho kanskje aldri like bra igjen.
Hoftene såg knallbra ut, so det va no kjekt :)
Alt i alt va det vel ganske positivt, og ej e veldig glad for at vi he komt godt i gang med forebyggande tiltak, nokke som sannsynligvis føre til at ho Gyda fær fungere meir eller mindre optimalt i lang tid endå :)
Tuesday, April 6, 2010
Subscribe to:
Post Comments (Atom)

No comments:
Post a Comment