Friday, August 28, 2009

Bilet og kyr

Han Sindre-gut e litt gammaldags. Heller bok enn internett, heller vinyl enn blu-ray (ka i farsken e no det egentlig?), heller 1-girs damesykkel frå 60-talet enn motorsykkel.

Og per dags dato e han Sindre omtrent den einaste under 75 år som ikkje he digitalkamera. Men no he han fått ånda over sej - og her ser du kameraet han he lyst å kjøpe:
Det e et kamera som tøle vatn ned til 3 meters djup, og tek fine undervassbilde. GØY å knipse av svømmande Gyda og hennar kompanjongar både med 2 og 4 føt! Kameraet tøle elles minusgrade og litt røff behandling. I tillegg he det vistnok en super film-funksjon, som gir filmopptak i meget god kvalitet. Og ikkje minst - det passa meget fint i brytslomma på fjelljakka når ej ska på tur, padle kano, osv.. :) Ej gidd ikkje å ha en sånn diger klomp bak i sekken som ej bruka 5 minutt på å leite fram.

Stakkars Gyda må no få en flink eigar som e flink til å knipse og filme alle dei kule tinga ho gjer. Åso kjøpe ej kanskje en ekstern harddisk i samme slengen.. dissa filmsnuttane tek sikkert heise med plass etterkvart. Gi mej gjerne tips om korleis an best kan forvalte videoklipp! E det berre å brenne dei ut på en DVD for eksempel?

Jaujau, det blir spennande! I går va oss ellers på tur i Hildredalen i lag med Haram hundeklubb. Oss gjekk opp til et vatn, og 5-6 hunda fekk sprinte, bade og kose sej i lag:) Det va en aussie, en samojed, en pomeranian (med 3 føte!), 2 stk blandings og ho Gydas. Det vart litt kaotisk i starten når alle skulle uti samtidig, og særlig når ho Gyda skulle bjønd å klatre opp på andre hunda ute i vatnet... ho hekje bada i lag med andre hunda før, men fann fort ut at det va et dårlig sjekketriks å dukke dei under. So det gjekk bra det også til slutt:)

På vei ned att måtte oss gå forbi en flokk med kvige og uksa, av typen ung og ivrig. Og på ett eller anna vis so vart Sindre og Gyda ståande igjen åleine, og vart nærmast omringa av spretne og leikne 300-kilos koseklompa. Gyda vart rimelig vettaskremt, Sindre fekk litt høg puls, men oss kom oss heldigvis over kurista til slutt.. ;)

No comments: